Monk i 100

EVENT INFORMATION
Default file 1498738129

Knut Kristiansen Tentet featuring John Riley

KNUT KRISTIANSEN piano JAN KÅRE HYSTAD altsaksofon ZOLTAN VINCZE tenorsaksofon MICHAEL BARNES baritonsaksofon ARE OVESEN trompet SINDRE DALHAUG trombone FRED JOHANNESSEN franskhorn KNUT RISER tuba JOHN RILEY slagverk

Thelonius Monk – gal, genial og ein gigant i musikkhistoria. Knut Kristiansen – briljant pianist, og ein av dei fremste ekspertane på Monk, både i hovud og fingrar.

Kåkå – to stavingar som maner fram bilete av myndig autoritet og briljant pianospel. At Bergen huser den fremste tolkaren av Monk i Europa er ein vesentleg, men ikkje utfyllande del av historia om Knut Kristiansen – undervegs har han lagt grunnlaget for eit yrande jazzliv og musikkundervisning i byen, starta storband og vore (og stadig er!) ein vesentleg formidlar av afrikansk og latinamerikansk musikk. Han vann Buddyprisen i 1983 og Vossajazzprisen i 1990.
 Under 100-årsmarkeringa av Monk vil KK stå for arrangementa og legg opp til eit virtuost samspel med musikarar frå mellom anna Bergen Big Band og Bergen Filharmoniske Orkester. Gjest er New York-baserte John Riley – hustrommeslagar i Village Vanguard, som har spelt med fleire av dei største stjernene i jazzhistoria.

Praktisk informasjon

Fotograf: Peter Gannushkin

Konserten i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter.

bergenjazzforum
jazz
jazzforum
sardinen
usf
usfverftet
verftet
bjf

Restrictions

Kun unummererte plasser.

18 års aldergrense (Vergeskjema tilgjengelig i døren)
Verge må være fylt 25 år og avstå fra alkohol under det gitte arrangementet.
Inntil to personer under 18 år pr verge.

Waiver

Kjøpte billetter refunderes ikke.

Rabatterte billetter er kun gyldig ved fremvisning av medlemskort eller rabattbevis.